RunRex varmedrakt, mitt livs beste investering. Av Åsmund M. Sunde Førde

RunRex varmedrakt, mitt livs beste investering. Av Åsmund M. Sunde Førde

Åsmund M. Sunde Førde er en kjent skikkelse i norsk friidrett. Her avbildet etter å ha fått den gjeve prisen "Årets Namn" i Jølster. (Foto: Matias Sunde)

Eg har aldri vore noko stort løpartalent. Eg var ein heilt vanleg gut frå Jølster, frå Sunde Førde-familien, som byrja å springe i 2020 då eg gjekk i 8. klasse. I fleire år var eg ein ganske ordinær løpar, utan dei store resultata.

Men inn mot 2025-sesongen bestemte eg meg for å gjere nokre endringar. Eg ville satse skikkeleg og tok tak i alt frå kosthald og søvn til struktur og restitusjon. Det var også då eg kom over Runrex varmedrakta.

Dette skulle vise seg å bli den beste investeringa eg har gjort som løpar.

Med Runrex varmedrakta fekk eg moglegheita til å gjennomføre gode treningsøkter under langt betre forhold, sjølv på kalde dagar. Ho gjorde treningskvardagen enklare og gav meg moglegheita til å trene betre enn nokon gong tidlegare.

Eg fekk meir kontinuitet i treninga og kunne fokusere på det som verkeleg betydde noko: å utvikle meg som løpar.

Resultata denne sesongen gjekk langt over alle forventningar. Eg sprang 1500 meter på 3.40, tok gull i junior-NM og enda på ein 5.-plass i U20-VM.

Frå å vere ein heilt vanleg gut frå Jølster hadde eg plutseleg teke steget opp blant dei beste juniorløparane i verda.

Sjølvsagt er det mange faktorar som ligg bak framgangen, men eg er ikkje i tvil om at dei rette vala i treningskvardagen har vore avgjerande. Runrex varmedrakta har vore ein viktig del av denne utviklinga.

For meg har Runrex vore meir enn berre ei varmedrakt. Det har vore ei investering i eiga utvikling, og ei av dei viktigaste årsakene til at eg har kunna ta steget til det nivået eg er på i dag.

Og eg er langt frå ferdig!

Tilbake til bloggen